Naturlege fibrar og tekstilar
Maten me lever av, husa me bur i og energien me nyttar, er alle sers viktige delar av kvardagen vår - og noko av det mest sentrale når ein vil vurdere livsstilen sin i høve eit mest mogeleg sjølvberga liv. Men kva med kleda våre - og alle tekstilane i huset? Dét er kanskje noko av det me har minst kunnskap om, og kontroll med.
Tekst: Gyro Knutsdotter Homme
Det kan vere interessant å lese merkelappane på ulike tekstilar, og sjå kva dei er laga av. Ulike typar kunststoff er i dag mest vanlege, men dersom det er bomull, lin eller andre naturlege fibrar, er desse jamnast produserte langt avgarde og ikkje på grunnlag av økologiske prinsipp. Det kan verke vanskeleg å få gjort noko med plent denne delen av sjølvberginga, men i utgongspunktet er det ikkje annleis enn å lære andre ting som er naudsynte for å kunne drive eit sjølvberga bruk.
Kunnskap om emnet må allstøtt liggje i grunnen når ein vil starte opp med noko nytt - sidan treng ein reidskap og råvarer. Som når ein arbeider med ulike prosjekt, er det óg når ein arbeider med tekstilar: Viljen og lysta til å utvikle eit produkt er sjølvsagde delar.Ulike fibertypar
Av naturlege fibrar finst det mange ulike - kvar til sitt bruk. Dei fleste teknikkane som foredlar naturfibrar til produkt menneska kan bruke, har vorte utvikla gjennom røynsler over lang tid, og spesielt tilpassa den einskilde bruken den staden i verda. Naturfibrane som dannar grunnlaget for produksjon av tekstilar, kan delast inn i to hovudgrupper: Plantefiber og dyrefiber.
Av plantefibrar er det til dømes lin, nesle og bomull.
Dyrefibrar som har vorte nytta gjennom tidene varierer svært mykje i eigenskapar og bruksområde, her kan eg nemne hår frå hest og ku, ragg frå geit, silke frå silkeormen, og ulike typar ull - frå mellom andre sau, kanin, lama, alpakka, kamel, moskus, hund og katt.
Som eg nemde tidlegare - kvar til sitt bruk - avhengig av kva resultat du vil fram til, og med kva for framgongsmåte.
Som tekstilfiber er ull eit naturprodukt med eigenskapar få andre fibrar kan måle seg med. Ulla er sterk, elastisk, trekkjer til seg fukt, brenn dårleg, er formbar og sers varmeisolerande.Sauen som grunnlag for tekstilproduksjon
Sauen er eit av dei eldste husdyra me har, arkeologiske funn frå Irak syner at ei domestisering skjedde for omlag 10 000 år sidan. I Norden kom det truleg sau saman med den fyrste busetnaden - for omlag 3500 år sidan. Vevnader av ull og lin har ein funne attende i dei eldste menneskeskapte kulturane: I Babylon veit me at dei laga vevnadar av ull, og i Egypt vart både ull og lin nytta. I Europa fekk båe desse materiala konkurranse frå bomull på 1400-talet, og etter andre verdskrigen har kunstfiberen teke over meir og meir. Den viktigaste delen av tradisjonen med omsyn til ull går på toving, og framstilling av garn eller tråd óg spinning. Dette vidare til strikka plagg, eller til vadmål gjennom veving og stamping.
Det har over lang tid vorte utvikla sers mange ulike sauerasar, over heile verda.
Dette har skjedd gjennom naturleg utval, men fyrst og fremst gjennom målretta avl frå menneska si side. Spesialiseringane har gått mot stor avdrått av mjølk, ull eller kjøt, og i nokre høve pelsverk. (Som nokre døme har me den Austfrisiske mjølkesauen og Lacaunarrasen som har vorte avla fram for mjølkeproduksjon, Merino for ulla, Oxforddown og Texel for kjøt og Islandssau og Karakul fyrst og fremst for pelsverket).
Dei sauerasane me har i dag stammar alle frå ein opphaveleg villsau - og i alt er det omlag 200 ulike sauerasar i verda i dag.
Når ein skal arbeide med saueull til mellom anna toving og spinning, er det greitt å vite noko om ulike sauerasar og ulltypane deira, då dette har mykje å seie for resultata på produkta ein lagar. Hjå sauen kan me skilje dei ulike ullfiberane frå kvarandre - i botnull og dekkhår. Med bakgrunn i dette - og at dominans av den eine eller andre typen ull jamt skil sauerasar - kan me lage ei slik grov oversikt over ulike vanlege sauerasar:
Spælsau. Dette er ein "eldre" sauerase, med to ulltypar i fellen. (Generelt kan ein seie at sauerasar med både hår og ull i fellen er meir primitive). Botnulla er tett, stutt og mjuk, medan dekkhåra er lange, grove, sterke og glansfulle. Denne typen ullfell gjev godt vern mot vêr og vind. Spælsau, med villsauen og dei gamaltypiske spælsauene inkludert, har óg ulike naturlege fargar - frå kvit, grå, til heilt kolsvart og sjokoladebrun. I tillegg har både ho- og hanndyra hjå dei gamaltypiske spælsauene og villsauene horn - som kan nyttast på mange måtar etter slakting.
Dalasau. Her som døme på rasar som berre har eitt ullslag i fellen (eigentleg botnull).
a. Tolleg grovfibra ull, jamt kalla crossbredull (Dalasau, rygja og steigar).
b. Finfibra ull - som vert nytta for framstilling av finare tekstilstoff (Merino; Finsk tekstilsau med fleire).
Pelssau. Sauerasar i denne gruppa har ofte mindre botnull og meir dekkull, og denne er sers glansfull, krusa eller har andre pelseigenskapa. (Norsk og svensk pelssau, og kalla Viking Lamb, er døme her).
Når ein skal velje sauerasen ein vil satse på, er sjølvsagt både kjøtfylde og ullkvalitet viktige eigenskapar å leggje vekt på, men ein må ikkje gløyme gemytt, morseigenskapar, fødselsvanskar og så bortetter.
Indirekte påverkar menneska kvaliteten og eigenskapane åt ulla gjennom avl og generelt dyrehald, men direkte er det dyreeigaren som, gjennom dyrehaldet, avgjer om ulla kan nyttast, og til kva. Både fôring, innemiljø og ullhandsaming ved klyppinga har mykje å seie for kvaliteten.
Til vanleg vert kvaliteten åt saueullfiberen vurdert i ulike grupper:
1.klasse: Rein, lang, utan ureiningar eller framandlekamar. Rygg og sider.
2.klasse: Kortare, kan vere noko urein. Buk og lår.
Ull frå halen, eventuelt anna ull som er sers urein av urin eller avføring, eller som er filta, kan ikkje brukast.
Det er skjella ullfiberen er dekt med, som gjer at det er mogeleg å filte og spinne. Skjella i botnulla har lett for å gripe inn i kvarandre, medan dei på dekkhåra ligg mot kvarandre, og soleis er mindre eigna til toving og spinning. Ved alt arbeid med ull må me ta omsyn til desse eigenskapane - og leggje tilhøva til rette for dei, eller hindre at det skjer - avhengig av om me vil filte noko, eller skal unngå at ein ullgenser krympar i vask.
I ulla åt sauen er det eit naturleg feittstoff, lanolin, ein slags voks som vernar ulla mot sol, regn og vind, og samstundes vernar huda. Sveittesalta som óg kjem ut av hårsekkane saman med lanolinet, vert omdanna til basisk lut når ulla vert våt, og denne såpa vaskar ulla rein. Lanolinet harsknar ikkje, og førebyggjer rust. Moderne karde- og spinnemaskinar toler ikkje lanolinet, slik at det vert fjerna før bearbeiding. Ved handspinning eller toving av saueull, er det ein stor fordel om ulla er uvaska. Når ein spinn gjer lanolinet ulla meir smidig. Dersom ein så vaskar det ferdige garnet i lunka vatn, eventuelt med noko naturleg såpe (t.d. olivensåpe), vil garnet og produktet vere reint, men framleis ha lanolin, som verkar vassavstøytande.
No er ikkje sau det einaste dyret me skal setje i samband med ull. Ein byrjar få meir og meir kunnskap om, og kjennskap til dyr som angorakanin, lama, alpakka, moskus, og bruken av ulla deira. I tillegg har me sjølvsagt lodne kjæledyr, til dømes norsk skogkatt og samojedhund. Ull frå slike dyr kan nyttast i filting og til spinning, medan ragg og hår frå geit, hest og ku berre kan vere med i filting saman med ein ullfiber, eller nyttast til møbelfyll, sopelimar eller felestrengar.Ulla må klyppast av …
Metodane for å få ulla av dyra er mange og ulike, og diverre er det sume eg reiknar som mindre gode (t.d. kjemiske tilsetjingar i fôr). Klypping er i dag det mest vanlege, og har sjølvsagt både fordelar og ulemper. I Noreg brukar sauene å verte klyppte to gonger i året, noko som gjev vår- og haustull, men sume produserer også heilårsull. Då vert sauene klyppte om våren. Sauer som lever ute heile året, utegangarsauer, misser ulla naturleg, som alle ville dyr. Då er det vanleg å plukke henne av.
Det viktigaste når ein skal klyppe sauene, er at dei er tørre og reine, likeins klyppeplassen. God sortering med ei gong sparar deg for mykje arbeid sidan, og er naudsynt dersom du skal levere ulla til mekanisk spinning. Ulla bør pakkast i papirsekkar, og lagrast tørt. Ho held seg i utgongspunktet godt, men likevel er ny ull betre å arbeide med enn gamal.
Før i tida nytta dei sakser når dei klyppte sauene, i dag råder effektiviteten, og soleis vert det nytta elektriske klyppemaskinar. Om ein vil lære seg å klyppe sau på den moderne måten, bør ein nok vende seg til det lokale saueavlslaget, ein landbruksskule eller eit slakteri. Men det kan nok vere lurt å byrje med å klyppe for hand, då vert ein kjend med dyrekroppen i eit roleg tempo, og unngår mange skadar.Toving
Toving er den eldste tekstile teknikken i verda, me har døme heilt attende til 2300 år f.Kr., og vert mellom anna skildra i Bibelen. Noah la ull på golvet i arka sin under syndefloda, for å gjere det meir komfortabelt. Varmen og urinen frå dyra, saman med all trakkinga fram og attende, laga ei stor filtmatte. Dette skildrar dei tre tinga som trengst for at ull skal filte seg: Vatn, varme og rørsle. Tovinga vert endå meir effektiv om ein endrar surleiken (pH-verdien). I dag er det vanleg å setje til grønsåpe, men før vart urin og rota frå Saponaria officinalis ("såperot") nytta. Dei tova produkta var helst kledeplagg, men og heile telt (i Mongolia). Det typisk norske vadmelet er eit stoff som etter veving vert stampa - ein kraftig og tildels mekanisert tovemetode. Ein kan óg tove strikka plagg, då er det mykje enklare å få den rette forma.
Tova ull frå angorakanin gjev sers mjuke, glatte og kvite produkt, medan ull frå lam og dalasau-typar gjev jamnare og ikkje så "røffe" produkt som t.d. spælsau. Resultatet er heilt avhengig av kva råvare du nyttar. Likeins er det eit spørsmål om karding eller ikkje. Dersom du til dømes skal tove eit grovt, tykt flak, som du sidan lagar sålar av, kan det vere greitt å nytte ukarda ull. Men elles er det jamt over greiast å karde ulla godt fyrst - forminga vert enklare, og resultatet vert jamnare. (Unntaket er ull frå angorakanin, som i utgongspunktet aldri treng å kardast).
Å karde ulla går ut på å "greie" henne ut, for å leggje fibrane parallellt, og fjerne dobbeltklypp og vegetabilar. Ein kan kjøpe ferdig karda ull i store flak (denne er til vanleg òg vaska), eller karde sjølv - med handkardar eller kardemaskin.
Når ein har varmt vatn (omlag 45 grader) på ulla, vil dette føre til at skjella på ullfibrane opnar seg. Når ein set fibrar med opne skjell i rørsle, kan desse berre gå ein veg - inn i kvarandre - og soleis krympar produktet, og vert tjukkare. Dette er det viktig å kome i hug når ein set i gong med tovinga - det ferdige produktet vert mange gonger mindre enn ulla ein legg ut, eller genseren ein har strikka.
Sjølve toveprosessen, og korleis ein går fram for å lage til dømes ein ball, eit flak eller ein hatt, vil eg ikkje skildre her. Det er mykje god litteratur om emnet, og over heile landet vert det jamleg skipa til kurs i ulike toveteknikkar.Spinning
Den eldste tråden vart spunnen ved at fibrar vart rulla mellom hendene eller mot låret. Handteinen, slik me kjenner han i dag, kom fyrst i bruk mange hundre år seinare, og fram til 1700-talet vart alt norsk garn spunne på handtein. I heile verda er det mest like mange spinnemåtar og -reidskap som det er folkegrupper med ullproduserande dyr. Både i Asia og Amerika nytta urfolka handteinar som kvilte på jorda, medan det i Norden var vanleg med teinar som hekk loddrett ned i lufta. Etterkvart, og i fleire steg, vart rokken uvikla. Denne hadde eit stort hjul, som gjennom trådoverføringar snurra ei lita snelle rundt og rundt. Denne gav ulla snu, og drog inn tråden. Sidan tvinna ein to eller fleire trådar saman, med motsett snu, alt med same prinsipp som ved bruk av handtein, men med ulike reidskap. Rokkane me har i dag har vorte endra ein del, men byggjer framleis på plent dei same prinsippa.
Dersom ein skal spinne lette og lause fibrar frå angorakanin, katt, alpakka eller sume typar sau, er det ikkje naudsynt å karde ulla før spinning. For nybyrjarar, og ved bruk av lange fibrar som kanskje heng noko saman, kan det vere greiast å karde ulla. Då kardar ein fyrst for å leggje fibrane parallellt og få bort dobbeltklypp og ureiningar, sidan kan ein lage "rullar" som utgongspunkt for spinninga. (Dette med karding av ull før spinning er noko sume lærde vel å stridast om.) Spørsmålet er om det er naudsynt å karde ulla. Før toving kan det i alle fall gjere at filtingsevna vert betre: Den tunne hinna på fiberen vert slite av, skjella vert meir opne eller lause, og har soleis lettare for å hekte seg fast i kvarandre. Dersom det er mogeleg å varme ulla før karding, gjer for all del det - ved å sitje attmed omnen når du arbeider, eller ute i sola. Det skal ikkje so mykje til, og når lanolinet er smelta, gjer det at ulla vert lettare å arbeide med. Feittet ein får på hendene er den finaste handkrem.
Spinninga er ein sers viktig tekstil teknikk, sidan det er slik tråd vert laga. Det er sjølve grunnlaget for strikking, hekling, veving eller sauming. I denne samanhengen er spinning av ull utgongspunkt for strikka klesplagg, og vovne tekstilar til klede eller annan husbruk.
Det er viktig at rokken ein nyttar fungerar som han skal, at alle proporsjonar og mål er rette, og at han vert vedlikehalden jamleg - særleg med tanke på smørjing av alle rørlege delar. Det er innstillingar på rokken som avgjer kor fort tråden vert dregen inn på snella, og kor mykje snu tråden får. Dette er viktig for seinare bruk av garnet. Når ein skal strikke, kan det vere godt med garn som er spunne laust, men til veving må ein vere mykje meir nøyen. Ein skil mellom garn/tråd til varp (renning) og veft (innslag), som vert spunne til kvar sin kant. Medan varp-garnet må vere jamt og fast spunne, kan veftet vere av varierande kvalitet og med effektar.
Når ein skal strikke eit klesplagg, er utsjånaden jamt viktig. Difor vel me ulike fargar og mønster, men óg garn der sjølve tråden har ulike grovleikar og effektar. Dette kan ein gjere mykje spanande ut av når ein spinn sitt eige garn, ein kan lage det som vert kalla effektgarn. Når ein plent har lært å spinne, får garnet verte som det vil, då er det viktigaste å trene seg i dei ulike handgrepa. Når ein har vorte flinkare, kan ein sjølv avgjere korleis garnet skal sjå ut. Ein kan trekkje ut ulla ujamt, og med skiftande grovleikar få ulike garntypar. Dette kan verte for ujamt til strikking, men kan i staden vere flott i biletvev. For å få melert garn, utnyttar ein fyrst og fremst dei fine naturfargane ulla har, heile "gråskalaen" frå svart til kvitt. Ein kan karde den farga ulla kvar for seg og blande i handa når ein spinn, eller leggje ulike fargar i kardane samstundes - meleringa varierer alt etter korleis ein legg ulla i kardane. Her er det berre å prøve seg fram - men hugs at du får aldri to heilt like garnnøste!
Alle dei tekstile teknikkane og metodane er ting som må kome inn gjennom bakgrunnsteori - og ikkje minst mykje praksis. Difor kan eg ikkje skildre nøyaktig korleis ting skal gjerast her, og so er det berre å setje i gong. Eg vil tilrå å lese eindel litteratur om dei einskilde emna fyrst, slik at ein får sett seg inn i hovudprinsippa. Etterpå vil eit kurs, eller ei samling med andre som kan dette, vere godt, både for motivasjon og læring. Alt er vanskeleg når ein ikkje kan det, så det er viktig å ikkje gje opp om ein ikkje får til alt med det same!Vask av garn og ull
Ull toler ikkje store temperaturendringar, og bør behandlast svært varsamt for å ikkje filte seg. Generelt bør uspunnen ull ikkje vaskast, men dersom ein skal bruke henne som ho er, må ein vaske utan å klemme på ulla. Det beste er å leggje henne laust i ein pose av tunt stoff, og føre denne fram og attende i ei balje med mykje vatn. Det kan vere naudsynt med to vaskevatn og eit ekstra skyljebad, ettersom ulla ikke skal vaskast ved hjelp av hendene. Etterpå kan ein leggje ulla laust på avispapir for å tørke.
Når ein skal vaske garnet ein har spunne (allstøtt i små hesplar, bundne saman på to-tre stadar), bør ein ikkje bruke vatn varmare enn 45 grader, og ikkje halde på meir enn 10 minutt. Temperaturen på dei ulike vatna lyt aukast/senkast gradvis (40, 35, 30 grader), så ikkje ulla får "sjokk". Sidan skal garnet tørkast raskt og luftig. Ein må allstøtt berre bruke vaskemiddel for ull, helst ei såpe basert på naturlege stoff, som til dømes olivensåpe.Ull og gjenbruk
Langs kysten var det før i tida vanleg å strikke vottar med ein tommel på kvar side. Slik kunne dei slitast på båe sider.
Sjølv om dei fleste som arbeider med ull lagar produkt av ny ull, er det mange mogleikar gjennom å bruke om att gamle ullprodukt. På den måten kan me óg arbeide mot "bruk og kast-samfunnet", og utnytte ein eigenskap få kunststoff har. Sjølv om arving av klede nok er det enklaste, kan strikkeplagg av ull rekkjast opp, garnet verte vaska, strekt og nytta om att. Gamle, slitne plagg kan syast om, og utslitne tekstilar kan til slutt ende som remser i fille- eller knytteryer. Resirkulert ull vert kalla shoddy, og er fyll i vatterte teppe og møbelstopp. Garn av slik ull (gamle ullfiller som vert klyppte opp, lagde i bløt, karda opp og spunne til nytt garn, jamt saman med bukull) er grunnlaget for ullteppe, tykke kledestoff og så bortetter.Ullens historie
Langt inn på 1900-talet var kunnskapen om å nytte serleg ull og lin levande, og gjekk i arv frå generasjon til generasjon. Men brått vart samfunnet endra - utviklinga fekk ein ovleg stor fart, og dei som meinte dei visste kva framtida var, gav oss kunstfiber og eigongsprodukt. Alt anna kunne me gøyme på museum eller gløyme - i det moderne samfunnet trong me ikkje materiale eller metodar frå dei gamle tidene.
Men i røynda ville ikkje folk ha det slik. Trass i at store omveltingar og flytjingar frå landet til byane braut med mange tradisjonar og endra kontakten mellom generasjonane, var det mange som såg at mykje forsvann - og tykte dette var trist.
Mange ting vart sjølvsagt betre, lunare og mindre strevsamt i det meir mekanisera og industrialisera samfunnet, men det er framleis mange som freistar verje seg mot dette, og saknar mykje av det gamle.
I tida med sjølvberging var kunnskapen om ull og lin, fyrst og fremst, naudsynt for at folket på garden skulle ha klede, til kvardags eller helg. Mange stadar vart arbeidet med desse ulike materiala utvikla til rein kunst.
"Eg høyrer, og gløymer. Eg ser, og minnest. Eg gjer - og lærer", seier eit gamalt kinesisk ordtak. Gjennom å drive med gamle teknikkar, om det er i samband med tekstilar, trevyrke eller jordbruk, lærer ein ikkje berre noko som kan vere nyttig for seg sjølv. Ein har også lettare for å skjøne soga åt menneska som har levd og arbeidd med dette før oss, skjøne nærleiken deira til naturen, alt slitet og strevet, og korleis "primitive" teknikkar utvikla seg til verdsomfemnande industrialisering. Med all røynsla som ligg bak utviklinga av dei gamle handverka, har me ikkje råd til å la dei gløymast. Me som lever i år 2001 kan både sjå dei gamle teknikkane, og dei nye. Korleis dei fungerar, kva resultat me får, og kva konsekvensane vert for einskildmenneske og heile jordkloten. Med dette som bakgrunn kan me vurdere, og avgjere kva me meiner er best, ikkje for oss sjølve, men for alt. Kva som vil vere best for alle, i lengda.
Å spinne eller tove er tidkrevjande, ueffektivt, ulønsamt. Men kanskje det kan gje oss andre ting, som er vél så viktige - utvikling av kreativitet, glede over å kunne lage noko, noko nyttig og fint, og heilt unikt.
Dette er berre ei lita innføring i bruken av naturlege fibrar - serleg ull, noko eg vonar kan føre til at fleire får augo opp for bruken av slike fibrar, slik at ein mellom anna er med på å halde ved like gamle handverk. Ullhandverk er emne mange har meiningar om, slik at det eg har skrive her, er ikkje nokon fasit, men ting eg har lært meg av eldre menneske og bøker eg har lese. Eg tek imot spørsmål, ris eller ros med takk, alt ein kan lære av er positivt, og eg vil gjerne ha kontakt med andre som driv med desse handverka. Eg ville sett stor pris på å lære meir om lin og nesle - kjend og mindre kjend fiber - til dømes gjennom artiklar her i Sjølberger'n)Gyro Knutsdotter Homme, 4747 Valle. (E-post: knutsdottera@hotmail.com)