Kvifor sjølvberging?

Svaret er enkelt: det er det beste for naturen, og sist men ikkje minst til det beste for menneska - det er jo meininga at her skal bu folk etter at vi er ferdige her. Og akkurat no, ser her ikkje særlig bra ut. Det drivest ein slik rovdrift på naturen som ein ikkje har sett maken til. Og svært svært få er dei som tener på det. Og til sjuande og sist, er det ingen som tener på det.

Det det skal handle om i våre liv er mat og hus. Og dei som kjenner kjærleik er heldige, men dèt er òg ein del av livet det kan være lurt å søke å oppleve. Det ein treng for å leve er mat og hus, alt anna er overflødig. Men for å klare å skaffe seg det, må ein òg ha kunnskap, kunnskap om naturen, kunnskap som fører til at naturen ikkje døyr vekk. For når alt kjem til alt, så er det som sagt den ein skal leve av.

Mat får ein jo kjøpt på butikken. Nei, maten veks den, opp av jorda. Du får eigentleg ikkje kjøpt noko som helst på butikken, det som skjer på butikken, er at du sel di dyrebare tid til eit usmakande måltid, både for ganen og for kva som rett er. Tid som brukast best heime med familie, til å oppdra og lære, til å leve eit liv som er verdig eit menneske.

Å drive industri på mat er feil, avdi tanken som ligg til botn i det heile er usunn. Det er ein tanke om å skulle tene pengar, og når ein ser kva pengar gjer med mennesket, er det ikkje rart at naturen lider under eit slikt eit. Det ligg i tankens natur å hevde seg over det andre, alt i eins omgivnader vert konkurrentar, og ein vil jo ikkje tape? Men vegen fram til "siger" er full av elendigheit. Rettferd vil skje fyldest.

Nei, det som er verdig eit menneske er følgande; å elske jorda som om den var ditt eige kjøt, hente opp det ein treng av føde, og dele av overskot med dei som ikkje har noko, og søke visdom.

Så det er ei uverdig forestilling vi er vitne til i dag.

Men om du vert ein sjølvbergar, så gjer du deg sjølv ei stor teneste, og du skal vite at du gjer det som er rett og riktig, og du skal bli rikeleg belønna for ditt strev.

<