Eg sit og ser. Ser ikkje på noko særskildt. Sit berre og ser. Ved vinauget. Nokre snøflekker. Katten kjem som ei pil over vegen.

Ringde kontofonen i stad. Og dèt er ikkje mykje å skryte av. Og no har eg vel ikkje nokre pengar på telefonen heller.

Ikkje har eg pengar, ikkje kjem eg til å klare å skaffe meg dei, og ikkje er eg sikker på om at det er så bra å ha dei heller. Dei har aldri gjort noko godt på denne kloden desse pengane. Det er på tide å gjere noko godt sjølv. Eg vil leve som eit menneske. Slik skal eg gjere det! Sei nei til denne verda!