No har eg sådd litt forskjellig. Det er berre å putte dei i fuktig jord, og opp kjem mat. Her ser du broccoli, squash, rotselleri, mais, purre, gul løk, paprika, chilipepper, agurk, tomat og melon. Desse har eg berre putta i jord som ligg i kasser som er 7-8 cm djupe. Det varierer kor djupt frøa skal ligge og kor stort mellomrom det skal være mellom dei. Men den informasjonen finn ein i den frøkatalogen som du finn til høgre under "Frø". I tillegg til dei sortane du ser her, skal eg så noko på friland seinare; gulrot, meir broccoli, salatar og ein del krydder-urter. Eg satsar på at eg har mat neste år. Eg må skaffe meg ein båt slik at eg har fisk òg. Settepotet har eg bestilt.
Eg skal lage meg eit hus snart. Det blir eit lite hus som eg berre skal bu midlertidig i. Etterpå skal det brukast til vedskjul og redskapsbod, for eg skal seinare mure meg eit hus. Det skal være gratis å sette opp, og gratis å bu i. Det blir ikkje så stort og flott, men eg trur det blir bra like vel. Det einaste som kjem til å koste ein del er solcellepanel eller vindmølle.. Eg må kunne bruke datamaskin og helst internett, men andre elekriske artiklar blir det ikkje. Bilete frå bygge-prosessen finn du om nokre veker på "Hus" til venstre.
"Der gjekk raudkålen til helvete.. Godt eg kjøpte økologisk frå andre."