Meininga med livet:

Den er det den alltid har vore; nemleg å hauste av naturen, passe på naturen, få det til å spire og gro, og det å leve ilag med naturen, og sist men ikkje minst: Glede seg. Alt ein treg er mat, husly og varme, -alt anna er overflødig og vekk-kasta energi og tankevirksomheit. Ein skal ikkje streve. Ein skal ta det med ro. Maten skal så og sei berre vekse opp i nevane på ein. Ein treng i røynda ikkje gjer noko anna enn å legge forholda best mogeleg tilrette for nettopp dette. Pengar har aldri ført til noko anna enn fattigdom og ulukke -både for jorda og for mennesket.

Ein kan lære alt av det å leve ilag med naturen. Der bur mykje i naturen som kan opne sinnet mot livets mysterium. Naturens gang, syklusen, rundheita i tilværet, freden i midten av alt, eins eigen litenheit, eins eigen storheit, takksamheit og gavmildheit, og alle tings uendelege visdom.

Det bur så mykje i naturen, som ein har blitt blind for. Som samanhengen mellom ein sjølv og alle andre levande skapningar. Ein er i røynda knytta til det levande som er rundt ein gjennom usynlege tråder. Dyr og fuglar av forskjellig slag kjenner ein betre enn kva ein skulle tru. Naturen er rik, men det moderne mennesket er fattig. Det har kutta det meste av det som bind ein til naturen, og resultatet er lett å sjå: forureining og øydelegging og ulukke –og ein kallar det framskritt!. Det er ikkje dette som er livet, det er ikkje dette som er det beste, men det moderne mennesket har blitt følelseslaust og blindt og døvt.

Ein skal ikkje streve og slite. Nei, ein skal ta det med ro. Ein skal søke freden. Eg trur det å skape fred, er å være fred. Eg trur det å få det til å spire og gro, er det å føle seg nyttesam og levande. Eg trur det å være takksam, gjer ein gavmild. Eg trur det å være liten, er å være stor.

Den moderne verda, og den moderne livsførselen, er ikkje anna enn ei stor og tung grein som er iferd med å brekke. Ikkje ber ho etandes frukt for det som er levande. Ikkje gjev ho fred i sjela, og ikkje fører ho til livet. Heller ikkje gjev ho lukke som når inn i det innerste av hjartet og gjer ein vakker.

Elske jorda. Ikkje elsk verda. Søk visdomen som er evig og uforanderleg.