Eld og vatten, luft og jord.

Og midt i alt dette; det grøne, det som et sol og drikk vatn. Sjølve livsgrunnlaget for det som sansar, på den eine eller den andre måten.

Det heile er samanfletta i ein vev av alle livets trådar, store og små, korte og lange, og ikkje ein spurv fell til jorda utan at Han legg merke til det. Og no er det meir enn ein spurv som fell til jorda, det kan nesten alle sjå.

Planten, kua, deg, meg, gjødselbilla, levande skapningar med liv i seg. Det einaste eg veit at det er mennesket som har sjel i seg, ein har faktisk òg ei ånd. Sjela bur i kroppen, og ånden bur i sjela. Slik har det vore frå den dagen ein kom til. På same måte som maten bur i planten og svolten lengtar etter maten. Svolten er den same, men maten kan være urein, på alle mogelege måtar. Noko den vanlegvis også er..

Ein rein natur, ei sunn jord og eit friskt miljø, er forutsetninga for at livet på jorda skal være godt. Og då meiner er godt! og ikkje lettsindig. Mennesket har sjukna-av. Noko som har resultert i at jorda òg sjuknar, og livsveven raknar. Og sidan alt er samanfletta i "livet på jorda" riv det eine med seg det andre i fallet. Der finnast krefter i naturen, gode krefter som syner sin vreide, sin rettferdige vreide over menneskets vettløyse. Mennesket har blitt blindt for sit eige vidunderlege vesen, og kasta seg sjølv ned i ei uverdig forestilling om kva som det riktige og det betre. Sjelene mørknast, ånda gruast, og kroppane skjemmer seg ut. Alt som eit resultat av ein tanke eller fleir. Uverdig er dette for mennesket. Uverdig er det å bære fram dødfødte tankar, med vår evne til å forstå og mogelegheit til å søke visdom. Men verda vil ikkje at vi skal forstå. Ho vil ikkje at vi skal sjå det vene ein øydelegg i vårt jag etter noko som har blitt heitande lykke og sjølvrealisering. Og pengar. Men verda gjer ein ulukkeleg om ein ikkje er rik. Verda har ikkje plass for ein då. Men det skal du ikkje gruve for. Vær heller glad du ikkje får sitte ved dei rikes bord, der det i røynda surrer fluger over hovmodige og rotnande sjeler. Dei er like døde som det dei skapar. Og like ulukkeleg farne som sanninga er i deira hjarte. Vær heller glad du, for at verda ikkje tek imot deg, for verda tek imot ulukkebringarane og dei ille farne og dei som er blinde for livet. Skal ein realisere seg sjølv, så går ein ikkje den vegen, nei ein går den andre vegen, inn i seg sjølv og finn fred. Ein høgg ikkje ned for fote for å høgne tala på ein bankkonto eller fleir. Og ein klarer aldri å mette sitt begjær, dèt ligg i begjærets natur, ein klarer aldri å fylle fullt det som heiter meir.

Eg kjøpte eit beger med gullerøtter her om dagen. Eg skulle lage meg noko mat. Eg skrella dei og skar av ein bit og putta han i munnen, men det smakte ikkje gullerot av det. Ein svak aning av smak var det, men meir som eit vagt minne av gullerot. Det gjorde meg beit fram trist.

Tempo skal det være, høgt tempo og forteneste, industri. Kvalitet er eit begrep som har blitt utvatna til ei smaklaus suppe i den store industrialiserte gryta. Ikkje er det godt, og ikkje er det mennesket verdt, og heller ikkje det grøne. Ein lagar ikkje industri av naturen, det er ikkje lov! det er ei haldning som ikkje høyrer heime på jorda. Stor synd er det imot livsveven, og eit avgjerande feiltrinn på vegen mot sunnheit og god helse på alle plan. Naturen er heilag, og skal ikkje gjærast pengar av. Nei, den er mat, og noko til glede for det levande.

Så vær du glad om du ikkje lukkast iblandt dei mange og vert som ein av dei; slavar av sin eigen vrangforestilling om å nå til topps. Ja vær glad du, for i røynda ser det berre ut som at det går oppover, som vekst, men er eigentleg forråtning, prosessen er den same, berre at den er omvendt og enden er diamentralt forskjellig. Så verda og det såkalla gode liv går eigentleg ein ublid skjebne i møte. Men vær glad du for at du er erkjent liten nok, og for at du er forvist hit ned til det minste, i verda sine auge. For det er her livet er, det er her ein finn sann fred, og det er her sola skin i greinene og stråa svagar i vinden. Det er her skapelsen er, og har alltid vore, og for alltid kjem til å være.

Om du elskar vinden i trea, eller sola i graset, eller fuglane som flyg, så frydar sjela seg og ånda grip deg og løftar deg opp, høgt opp. Opp i gleda og opp i livet ilag med det levande, og ein sjølv vert like underfullt som dette eine lille bladet som skjelv og lyser imot sine like. Då ser ein kva som er kring ein, då ser ein det evige og det flyktige, morgonen og kvelden, og dei kvite drivande skyene, og sin eigen plass i alt, i seg sjølv, midt i mennesket, mennesket på jorda. Då ser ein alt det som betyr noko, og som har livet framom seg.

Mennesket skal pleie jorda. Stelle ho og sjå til at ho veks og gir grøde, trivast og ikkje utarmast. Ein har òg eit ansvar for dyra ein skal ha til mat, dei er levande skapningar som tenker sine tankar. Og det og lage industri av dyr ein skal ha til mat, ja då set ein mennesket i eit svært dårleg lys. Og ikkje vert kvaliteten god, på nokon måte. Burhøns, dei veit kanskje ikkje kva dei går glipp av, men, -jaja kven veit, men det er ikkje slik dei er meint til å ha det. Og desse monstera av oksar og grisar som har ei uhemma muskelmasse-vekst at dei ikkje klarar å stå på beina, dei eigest ikkje av bøder, men av industriherrer som aldri skulle hatt noko med det levande å gjere. Og genmanipulerte grønsaker som er resistente mot ugrasgift, dei utkonkurrerer kulturplantar på det forbanna markedet, og artar døyr ut. Alt i industriens namn.

No tildags skal alle starte ein eller anna virksomheit. Og tene pengar. Og halde eit høgt forbruk av forskjellig. Og være svært effektive. Men kva er det som skapast eigentleg? Ingenting av verdi i allefall. Jorda tærest bort av grådigheit, og ikkje ein kjeft bøter på skadene ein påfører jorda på si øydande ferd. Miløet knakar i samanføyningane og kan utrydde utyet som trur at det døyr når det døyr. Men der tek ein feil. Her skulle sjelene vokse til eit liv blandt stjernene, for å erkjenne endå fleire sanningar i dette umåtelig vakre universet. Men ein kjenner ikkje eingong jorda, og ikkje det som lever her, og langt mindre seg sjølv; mennesket.