dei glittrande bladane
utskrifts problem
bodi ka da da ka
kongo bongo
(foreløpig ikkje tilgjengeleg)
Siste dagar sett Medverkande: ei kvinne Ord av forkynneren; ”Og solen har strålt fram, og solen har gått ned, og den kommer pesende til sitt sted, hvor den atter skal stråle fram ” Av: Ein mann 1 Som av gamal vane let han blikket vandre ut og over fjella i aust og i aust ei stille undring så ser han dette forunderlege... daggry og ein farge eg... slik om morgonen slik om... morgonfarge 2 ja tenkjer han her ved vindauget ho vil gå i ein boge over min himmel nær den einaste lengsel som den einaste i han og opp ja som den einaste i ein boge som... ja sola si ferd mot kveld frå aust til vest via sør 3 og som av gamal vane ser han på vinden ser det men skjøner ingenting denne morgonen og av vinden som... i det nakne treet... medan han ikkje er sikker på om ho sola hans nett bikka over fjella men jau han var sikker 4 dei grove nevane ligg i fanget no tunge og uskjøne han ser til høgre og ut av vindauget over skuldra tenkjer han løfta ut og han er som er eg? ja og inn ein del inn av han tenkjer han ser ut og ho sola har stege ho gjer det avdi... ho gjer det så tenkjer han at han smiler varm og god og elska 5 lys så skugge skugge ser han og så tenkjer han det andletet morgonfarge nokre skyer skulle han meine tjelden som letta sit der igjen 6 ho kjem og vermer andletet hans stryk ein stråle over panna hans med alt det denne morgonen innebærer bølgande i håret og håret er som fingrane hans i dèt han snudde seg etter henne ville verme det vare reiv render av lengsel ut av einsemda så tok ho til høgre medan ho såg rett framfor seg 7 det var ein gong han kunne lage render med hendene render rette som det rettaste render av gult lengtande liv rennande som svulmande skyer på himmelen over andletet hans minnet som eit svalt pust over panna svakt som orda som svant hen og synk som natta heim i morgonen attende til eit liv levd eingong og så levande kunne han berre snu seg mot det blå og det blå og det var som ingenting som livet hans no ved vindauget som er alt som er att men gjer auge tørt og hendene til kvile utan sorg no men òg utan glede utan skugge som sola sjølv der ho.. i lyset men varmen lengtande han var berre trevlar igjen av tilvære her ved vindauget hendene blei tunge andletet augene som mørke så blei han lett augene opp og opp med augene hendene andletet i morgonen i sola så ikkje ventande berre andletet opp og opp med augene 8 og på ein måte set han seg ned hendene ned augene ned andletet glimt av lukka så ulukkelege andlet vendt ned augene ned og aldri lenger auge som i kvile no kvile svevn som fred i og berre i 9 kom att du som er lett som ei fjær og som ikkje er tyngda og det tunge i hendene men det i hendene som ser hente... legg deg rundt meg vi ber deg det vare er ikkje treng ikkje tenke på det høyr meg legg deg rundt han 10 men dei grove hendene kan ikkje hente andletet ned hendene ned ser på knea sine tyngda han ser døra etter henne gli sakte igjen 12 minnet som ein levande lengsel og hendene blei fine og drøymande dei kunne røre ved det finaste ved det finaste ved draumen at noko er han nærare enn noko anna medan han tenkjer at han har mjuk sand i hendene og så litt opp og bortetter eit godt stykke bortetter medan det er oppe og foranderleg først er det dèt og så lenger borte er det dèt men så er det slutt brått slutt - 13 no er sola komen over no er ho komen over tenkjer han eg lengtar han lengtar så han løftar neven ut av fanget medan treet er nakent det var naturleg og vakkert for han no han snur seg etter henne skal til å seie noko det bølgande håret av det bølgande håret flammande og av andletet som er vendt forover ser han henne så ser han henne 14 overarmen... albogen... overskueleg og kvit bøyd bevegelsen over noko mintblått håret ein levande tanke panne varm mjuk kjake så ser han ut av vindauget hadde han hatt inn til han og opp glimtvise så ut av vindauget austover ein fingerbreidd jaudå nokre skyer drivande morgonraude mann i båt lettheit inntil ingen vekt 15 den grove neven ligg på bordet no tung og uskjøn det lette og det vene er ikkje lenger det var ein gong han berre ein gong ein gylden augneblink gylden men han kunne ikkje røre ved det vene det venaste no kunne berre andletet åpne seg og lukke seg kring orda: men nevane er tunge og når han rører ved andletet sitt sitt eige sler han blikket ned 16 ho var håret hennar var bølgande medan ho såg rett framfor seg den spe armen dei fine varme hendene forbi dei fine små hendene små lette skritt forbi der så var det forbi 17 han ser på vinden i det nakne treet utanfor vindauget den krevjande rytmen i pusten hennar mot andletet hans og dei lukka augene hans og hendene rørte ved det finaste ho og hendene er tunge og augene ned berre augene ned berre ned utan tanke men så lengtar han og legg handa opp i vinduskarmen og sola skin på handa hans medan ho stig og stig i handa hans og han stig ilag med henne vermer andletet imot hennar så det å smile 18 og augene opp og opp og ned med augene angande forbi lette skritt forbi idet ho gjekk forbi NEI skal til å seie noko HELVETE så tek ho til høgre medan ho ser ho legg handa på dørklinka skjelvande VENT nei augene ned å nei alt ned NED alltid ned og angen 19 berre augene ned og så utan ord for det å kjenne varmen av sola der ho stig og stig på himmelen hans mot andletet hans og dei mørke augene hans han kunne ha rørt ved henne hennar hår kanskje nei aller helst håret hennar 20 det fine kva tenkte han eigentleg i angen forbi som reiser seg for å hente ein kopp kaffi no berre ut på kjøkenet og inn att men utan sorg denne morgonen utan kopp lett forbi angande full av det å tenke hender og hans augene vekk litt blyg så sjå 21 nærare i det ho går forbi små lette skritt forbi hender som ikkje kan nær lengsel i det forbi auge ser lukka nær hender nær så lengtande og ho skin på handa hans medan vinden er i treet no var han som angen flyktig her ved bordet vakker i seg sjølv som det å skjøne i eit glimt eit menneske og dets hender å den kvite bøygde armen fornemmelsen av noko mintblått lett forbi strålande 22 frå der og opp og bortetter eit godt stykke bortetter og ned auge ned og opp ho stig og stig så stig ho medan hendene og augene og det å ha og det å sjå og vinden i treet og sjøn 23 han set seg ned på steinen i fjæra med hendene fulle leande leande byr han dèt det blå berre vinden i det nakne treet syr saman det sønderrevne så reiser han seg i bitar med hendene fulle og ler snublar over steinar og tang leande mot det blå medan steinar og tang og vinden i det nakne treet løyndomsfullt og hendene fulle mot den knuste himmelen leande av alt og vinden i treet og det nakne det næraste og hendene er fulle av alt anna enn ingenting og opp i det blå der ho stig og stig og vermer handa opp til andletet og han rører ved sitt eige så sler han augene ned så ser han ned på den tome neven 24 og nevane kan ikkje røre ved det finaste men nevane kan ikkje røre ved det finaste det næraste for det næraste var kring han og det kunne han røre ved men vinden i det nakne treet augene hennar hendene hennar dei fine varme hendene og angen lett forbi ein einaste blendande augneblink ho snur seg så snur ho seg over det som er blått åpnar famnen og synk og synk inn i sjela som sola ein gong ein dag i han så snur ho seg i ein uendeleg bevegelse så synk ho som det umogelege for oss begge ned i han ... og dei grove nevane og dei rørte ved det finaste ved det fine og vare ved vind ved det å være vind ved seg sjølv og av angen av det bølgande flammande håret ser han sola så ser han henne
send ein mail