Fortida: Ubestemmeleg. Flytande og diffus. Konstant og uforanderleg. Fortida er alt dette, dagen i går er like ubestemmeleg som den er fastspikra i det ubegripelege faktum. Den var og er på kun ein einaste måte.
Men kordan var fortida? Ein har sikkert sine eigne formeiningar om kordan historia er. Og om ein spør ein annan, så får ein sikkert eit ganske anna svar. Det kjem heilt an på kven ein spør. Og til og med ein sjølv kan sjå på fortida med forskjellig forteikn, alt etter kordan ein sjølv har det frå dag til dag.
Der er to slag historier; eins eiga historie, og den totale historia. Ein sjølv er omfavna av den totale historia (som òg inneheldt klodens historie), og ein sjølv er den som er i stand til å favne den totale historia.
Kan den totale historia begripast? Ei ulukke kan for nokon være ei lukke. Nokon kan sei at det var vondt, medan andre kan sei at det var godt. Kven har rett? Begge? Ja for ein tredje person har begge rett. Men ikkje for den eine og ikkje for den andre. For den eine seier eg har rett og du har feil. Og den andre seier eg har rett og du har feil. Medan den tredje seier at eg høyrer de begge seie de har rett. Det er umogeleg for meg å vite kven av dykk som har rett i det de seier. Umogeleg. Men ein dag, seier den tredje, vil eg stå slik som den eine eller den andre og seie eg har rett imot ein annan, og då vil der stå ein tredje og seie på same måte som eg; at han ikkje veit kven av oss som seier sanninga... det vil være like umogeleg for han som det er for meg no.
Det totale biletet av denne situasjonen er det kun den tredje som har. Han ser dei begge og det er umogeleg å seie kven som har rett, men dei to ser ikkje kvarandre. Dei er for oppslukt av sine eigne føleser og overbevising.
Faktum er at sanninga er ubegripeleg. At historia er både det eine og det andre. Ho er både god og vond. Ho inneheldt alt, men fram for alt er ho vegen fram til no. Og ein lever no. Om ein kunne trekke seg litt attende frå historia, og sjå på seg sjølv som ein tredje person i forhold til om ho var det eine eller det andre, og heller seie at ho er det ho er, og ikkje ta parti for at ho er god eller vond. Mykje smerte kan unngåast då.
Noko som er ein annan del av den totale historia, er jordas historie. Kloden. Den har eit opphav, ei byrjing, krefter som er ubeskrivelege forma henne igjennom tid. Og ho lever framleis. Liv oppstod i alle sine former og fasonger, mennesket òg. Vi er mennesket. Men mennesket har forandra seg, og formeira seg. I byrjinga var jorda frodig og rik. Menneska hadde dèt dei trong. Naturen gav dei alt. Dei trengte ikkje gjere anna enn å hauste av rikdomen. Og leve. Utan tanke på kva og korleis. Nakne var dei nok, men dei hadde ikkje ord for klede, så dei visste ikkje at dei var nakne. Det var nok mykje dei ikkje hadde ord for. Tilværelsen var enkel. Den bestod av færre element. Det handla om å leve ilag med naturen, og ikkje noko anna. Tanken dreide seg ikkje om noko anna, tanken var rein.
Men så kom ufreden i mennesket. Striden i tanken. I byrjinga var det fred i mennesket, stillheit, det gjekk dit det gjekk, og putta i munnen dèt det fann. Ein kropp og ei sjel og ei ånd. Og det var godt. Men så kom ufreden. Kunnskapen om det eine og det andre. Motsetningane. Og tvilen og valget. Vi blei noko anna enn eit heile, -enn ei harmonisk treeinigheit. Som rykka ut av det naturlege vakre.
Ufred er ikkje godt. Å være noko anna enn eit heile er heller ikkje godt. Vi blei splitta. Og valg fører enten til det som er godt eller til det som er vondt, enten for oss sjølv eller for andre, men uansett til det som er vondt for eins eiget heile.
Våre valg fekk konsekvensar for noko utanfor oss sjølve. Og striden blei liggande i menneskets natur, både i sinnet og i kroppen og i hjartet.
Menneskas historie er lang, og full av smerte. Krig mellom mennesker, og krig med naturen. Det er ikkje slik det skal være. Våre valg skal ikkje ha konsekvensar for anna enn vår eigen kropp. Ein har ikkje lov til å øydelegge nokon andre, eller å øydelegge naturen. Å øydelegge for seg sjølv er ei anna sak, med tanke på at ein har ei sjel.
Meininga med det heile var å være eit heilt menneske. Ikkje oppstykka og delt.