Tilværesfæra.
Ein kan tenke seg at ein er eit punkt i tilværelsen. Eit punkt. Som punktet i ei sfære. Tilværelsen er alt det kring punket, punktet er sentrum og det alt spring ut frå; "ingenting".

Dei diamentrale motsetnadane. Det er som å belyse si eiga hand frå to motsette sider; skuggebilete er det same, berre omvendt. Det gjer dei like i kraft av å være så komplett ulike, men, noko anna har dei òg tilfelles; dei to er ikkje ingen av delene, -korkje det eine eller det andre, det vil seie; ingen av dei er ingenting. Ingen av dei er midt imellom dei begge.

Det er som om ingen av dei er sjølve handa som vert belyst. For handa i seg sjølv er alt, både den sida og den sida, og det over og det under, på skrå og på skeive. Ho kan belysast frå alle sider, men ein får forskjellige skuggebilete.

Kva er så ingenting?

Ein designer uttalte eingong at "less is more" oversett: mindre er meir.. og då kan ein skunde seg å legge til at: "om det er sant; så må ingenting være alt". Eg snakkar eigentleg ikkje om det materielle ingenting.. eg snakkar om det følelsesmessige ingenting, om tomheita, ikkje som følesesmessig grusomheit, nei ikkje i den forstand, men som fråvær av alle ytterpunkta i følelseslivet. Som fråvær av sorg og glede, kjærleik og hat, godt og ondt. Altså eit følelsesmessig "ingenting". Og om det då er sant det som står over; at "less is more", så må vel ingenting være noko å forsøke å finne fram til ein forståing av.. For om sorga finnast her og no, så må der finnast det motsette, og lengselen har grobunn. Men om glea finnast her og no, så lengtar ein ikkje mot sorga, nei, men ho er der, ho ligg og ventar som ei mogelegheit. Men; om ingen av dei finnast, kva finnast då? jau: noko anna, noko reinare, ei anna form for glede, ein ubeskriveleg fred. Det same kan seiast om kjærleiken og hatet, om ein befinn seg midt imellom desse følesane, då kjenner ein ein annan form for kjæleik, noko reinare, noko ubeskriveleg vakkert og fredsamt.

Kor finn ein ingenting?

Ein finn det i seg sjølv. I sentrum av seg sjølv. Og ein sjølv befinn seg i det evige nu. Som eit levande skilleteikn mellom fortid og framtid. Fortida inneheldt ikkje anna enn vegen fram til no, og framtida inneheldt ikkje anna enn døden. Det einaste ein treng og faktisk har å forholde seg til er nuet. Alt anna er nyttelaust. Ein kan ikkje gjere oppat sine handlingar, og ein kan ikkje utsette det å døy.

Begjær er lengsel. Lengselen forutset at ein har noko å lengte etter. At det er ein definerbar ting eller tilstand ein kan strekke seg etter. Ein har det eine, ein begjærer det andre. Og når ein har det andre, ja så lengtar ein etter det tredje og i nokre tilfelle; det første igjen. Men om ein ikkje lengtar etter noko, ja då har ein vel alt.

Ingenting er alt. Ingenting er det same, og det er uforanderleg.

Menneskekroppen befinn seg i tida, i nuet, midt imellom fortid og framtid. Kva sjela angår, så er det ein annan sak, ho kan befinne seg i fortida, i minner, og ho kan befinne seg i framtida, som i ønsker eller lengsler. Og då lever ein ikkje, for livet finnast ikkje der eller der, det finnast her. For om ein lengtar mot det eine eller det andre, så går ein glipp av livet, i seg sjølv, i nuet. Og det kan eg seie; når ein dette punktet i seg sjølv, midt i seg sjølv, midt i mennesket, jå då opnar livet seg for deg, med heile sin vidunderligheit, og med heile sin fylde, og naturen; fuggelen syng til deg og lyset i naturen er faktisk slik du aldri har sett det før. Du finn meininga med livet i ein tom kaffekopp, like så godt som i den klåre nattehimmelen, eller i eit skjelvande solspetta grønt blad, nettopp avdi det finnast ikkje noko anna meining enn å være midt i alt. Midt i mennesket, midt i deg sjølv, og føle fred.