Alfa og Omega

Byrjinga og slutten, geometriens ytterpunkt.

Byrjinga. Den likesida trekanten; byrjinga på rommets utstrekning. Den definerer eit rom ved hjelp av færrest mogelege punkter. Tek ein vekk eit punkt; så har ein ikkje lenger noko rom.

Slutten. Sirkelen. Den definerer eit rom med flest mogelege punkter. Uendeleg mange punkt like langt ifrå sentrum. Den er trekantens diamentrale motsetnad. Trekanten er opphavet til rom.

Det er som med lyset. Det har ei kjelde, det flyttar seg i rommet og skapar tid, og det møter noko (materien) som det vert reflektert av.

Den orange sirkelen representerer her tida, eller eit menneske.

Sirkelen. Motsetningane og origo.

Det som kjenneteikner sirkelen er at alle punkta ligg like langt frå sentrum (origo), og ved dette er han rund. Strekk ein ei linje frå den eine sida av sirkelen og gjennom origo og ut i den andre sida; har ein funne to diamentralt motsette punkt. To stikk motsatte punkt. Motsetningane. Og midt imellom motsetningane ligg origo, sentrum. Ifrå det punktet er der like langt ut til alle ytterpunkta.

Trekanten - Sirkelen - Sfæren. Sfæren er den optimale formen. Den er harmonisk. Det er ikkje noko som er opp og ned på ein sfære, eller bak og fram.

Ein pyramide er ein sfære med færrest mogelege flater. Den diamentrale motsetnaden til den perfekte sfæren.