Økologisk ubalanse i fire element

Dei gamle hellenske filosofane opererte med fire element: Luft, vatn, jord og eld. Det er eit perspektiv som stadig er nyttig å bruke i vitskapane om den globale økologien. Derfor vil vi bruke ei slik inndeling her.

Av Hartvig Sætra

Lufta

Troposfæren, den undre delen av lufthavet, ligg rundt jorda omtrent med ei mils tjukkelse. Med sine 20% oksygen er den eit grunnvilkår for livet i den forma vi kjenner det i dag. Men det frie oksygenet fanst ikkje da jorda vart til for fem milliardar år sidan. Derimot fanst oksygen kjemisk bunden i vatnet og i jordskorpa. Også i dag er paradoksalt nok oksygenprosenten i jordskorpa (45%) høgare enn i atmosfæren (21%).

Alt oksygen i lufta er skapt gjennom fotosyntesen. Det er altså livet som har skapt det frie oksygenet, ikkje omvendt. Det første livet på jorda var anaerobt - det klarte seg utan oksygen.Tvert om var fritt oksygen ei farleg gift for desse livsformene. Dei fleste av dei er bakteriar, og dei anaerobe lever i dag i eit slags skuggetilvære i jordskorpa og havet.

Ein viktig faktor i lufthavet er ozonlaget. Det er ”jordas solbrille”, som skjermar oss mot farlege delar av sollyset, og tillet planter og dyr å leve på landjorda, ikkje berre langt nede i havet. Vi veit at dette laget er truga av vår teknologiske utvikling, spesielt utslepp av halogenerte organiske gassar, dvs. kjemiske samansetningar av naturgass med brom, klor og fluor. Heldigvis er auken i utsleppa av ozon-øydeleggande kjemikal nå stansa opp. Men den skaden som alt har skjedd, og stadig vil skje framover, er alvorleg nok forlivet på jorda.

Ur-atmosfæren inneheldt mange gassar som i dag er nesten borte: Ammoniakk, hydrogensulfid, metan, og det var langt meir CO2. I dag er vi på veg til å gjenskape desse helsefarlege og bio-destruktive sidene ved atmosfæren. Også her har teknologien gitt oss reinseteknikkar som minskar ein del av problema. Men CO2 kan vi ikkje reinse oss bort frå. Vi kan deponere det i fjell. Men på lang sikt vil det sive ut att, og så er vi like langt.

Karbondioksid CO2 er eit livsnødvendig næringsemne for grønne plantar under fotosyntesen. Aukande CO2-mengde i atmosfæren gjer at fotosyntesen blir meir effektiv. Men saman med ein del andre gassar er CO2 i stand til å bremse varmestråling som er på veg frå jorda ut i verdsrommet. Dette er den såkalla drivhus-effekten, som er ein drivfaktor bak mange av dei tyngste økologiske problema i dag, for eksempel flaumane og tørken.

Det er viktig å vite at andre gassar er mangedobbelt så sterke drivhusgassar som CO2, for eksempel metan CH4 og lystgass N2O. Dei gassane som skaper ozon-problem, er også drivhusgassar. Men med unntak av metan og N2O finst dei ennå heldigvis i små mengder. Metan CH4 er det største problemet utanom CO2. Det blir frigjort i store mengder som ”søl” under olje-og gassutvinning. Men langt farlegare er det metanet som er bunde til vatn i fast form - såkalla metan-hydrat - i havet, ferskvatn og i permafrosten i Arktis. Frigjeving av slikt metan kan føre til ein såkalla ”synergi-effekt”: Med stigande temperatur på grunn av CO2-utsleppa, vil meir metan blir frigjort. I tillegg vil temperaturstigning også føre til at havet gir frå seg CO2 til lufta. Dette fører til enda meir temperaturstigning, og enda meir metan og CO2 blir frigjort osv.i ein vond sirkel. Aukande fotosyntese kan bøte på litt av denne effekten, men på langt nær nok.

Vatnet

Vatnet er kanskje det mest sentrale elementet for ordskiftet på toppmøtet i Johannesburg.
Før overflatetemperaturen på jorda kom under 100 grader Celsius fanst alt vatn i atmosfæren. Nå dekker den såkalla hydrosfæren to tredelar av jordoverflata. Det meste - 97,5% - er havvatn med 3.5% salt. Vi kan segle oppå det, og fange fisk nedi det. Dessutan vil ferskvatn renne ut frå land til havet, og ferskvatn vil igjen fordampe frå havet, i eit evig krinslaup.

Av dei siste 2,5% er mesteparten ferskvatn, litt er brakkvatn. (Med sine 0,9% salt består kroppsvæskene våre for ein stor del av brakkvatn!). To tredelar av ferskvatnet er bunde til iskalottane, og 30% er grunnvatn. Berre litt over ein prosent av det ferske vatnet er tilgjengeleg for menneska.

Når temperaturen på jordoverflata stig, vil meir vatn fordampe frå havet. Slik skulle vi tru at menneska på den måten ville få meir tilgjengeleg vatn. Men slik er det ikkje. For det vatnet som fell ned att på jorda, ser ut til å bli ekstremt ulikt fordelt. Nokre område blir så plaga av tørke at dei ikkje kan brødfø befolkninga, langt mindre eksportere mat til andre. Men dei områda som får rikeleg med nedbør, får så mykje at dei ikkje kan gjere seg nytte av ferskvatnet; tvert om blir det skadeflaum av det, slik vi ser i desse dagar.

Det statlege svenske forskingsnettverket Swe-Clim er nokså representativt for det som fleirtalet av verdas forskarar står for. Deira oversikt over klimaet i framtidas Norden (Aftonbladet16.08.) viser ein sterk auke i nedbøren og temperaturen, spesielt i vest og nord, men også i aust - Finland og Russland. Til gjengjeld får vi ørkenaktige forhold i Spania, Sør-Frankrike, delar av Italia og Balkan, Søraust-Russland og dei sentralasiatiske republikkane. Permafrosten i Sibir er truga, og med den vil enorme mengder av metan bli frigjort - noko som igjen vil forsterke drivhuseffekten utan at menneska har utvunne ei einaste hestekraft til økonomisk vekst.

Sør-Skandinavia vil få mellomeuropeisk klima. Grensa for arktisk klima - Limes Norrlandicus - som nå går over Bottenvika og Trøndelag, vil flytte seg nord for Skandianvia. Og trass i den auka nedbøren, vil fordelinga bli så skeiv at dei danske øyane, Sør-Sverige og Aust-Norge kan oppleve stadig tilbakevendande tørke. Det samme med Tyskland og Polen.

For havet vil dette også få store konsekvensar. Mykje av det planktonet som den norsk-arktiske silde- og torskestammen bygger sin eksistens på, har optimal-temperatur mellom 9 og 15 grader.Derfor hevdar mange forskarar at temperaturstigninga kan svekke produksjonen og fiskeressursane i arktiske og antarktiske havområde.

Jorda

Jord kan inndelast i mineraljord og organisk jord (humus). Den organiske jorda er under konstant nedbryting, og vil hamne som uorganiske sluttprodukt. Derfor må humusen alltid fornyast av organisk avfall frå grønne planter og sopp.

For at denne naturlege syklusen mellom fotosyntese og nedbryting skal fungere,trengst det vatn, men berre i optimale mengder. For mykje vatn gir vass-sjuk og oksygenfattig jord. For sterk nedbør kan vaske ut jorda ved erosjon; eller det skjer ei langsam utvasking av dei øvre skikt, med forsuring og næringssvikt som følgjer. Dette siste kallar vi podsolering.

For å unngå erosjon, både av vind og vatn, er det viktig at vegetasjonen har røtter og sopphyfer som held fast på jordpartiklane. Dersom ein høgg skogen og ryddar vekk vegetasjon for å dyrke jorda, vil røttene bli borte, og erosjonen får godt tak. Dette skjedde i USAs kornområde i trettiåra (”Dust Bowl-katastrofen”), og i Kasakhstan i sekstiåra. Det skjer dessutan i alle tropiske område der ein høgg ut skogen. Det samme skjer når skogen brenn, og deretter blir rydda for beitedyr og hamburger-produksjon. Derfor vernar lokalbefolkninga skogen mot multinasjonale tømmergigantar, både i Himmalayas skråningar, i Indokina, Indonesia og Amazonas. Når erosjonen går langt nok i tropiske regnskogar, står ein att med ei aurhelle av lateritt - eit aluminiumoksid som står nær bauxitt, men som er totalt sterilt.

Det er nemleg ingen ting som kan vekse i ei jord der det er mangel på makro- og mikronæringsstoff. Makronæringsstoffa kan vi nemne ved vårt partinamn NKP: N står for nitrogen, K for kalium og P for fosfor. I tillegg må jorda ha små mengder av jern, magnesium, koppar, bor osv. Dette får ein best ved eit naturleg kretsløp.Å tilføre det kunstig inneber mange risikofaktorar, som vi ikkje skal komme inn på her. Derfor er alle påstandar om at vi for framtida skal ”dyrke maten vår i store kar og plantasjar på steinull” berre luftige spekulasjonar. Vil vil trenge matjord, i framtida som nå. Da er det verdt å merke seg at vårt moderne levesett fører til enorme tap av matjord kvart år. Det er utenkeleg at vi samtidig med dette kan halde fram med å legge ned dyrkbar jord i Norge, spesielt i ei framtid da landet vårt opplever temperaturauke.

Derfor kan vi trygt seie dette til norske bønder: Ikkje gi slepp på jorda di - ikkje la matvarekapitalen ta over. Norsk jord blir utruleg verdfull i framtida!

Elden

Elden er energien. I vidare forstand kan vi snakke om entropi, - den eigenskapen ved materien som får ting til å skje eller ikkje skje. Høgaste stadium av entropi er stillstand, ei likevekt utan dynamikk. Berre materie med låg entropi kan vere utgangspunkt for biologiske og fysiske prosessar, altså for dynamiske likevekter og prosessar. Dermed blir grunnlaget for liv og økonomisk verksemd eit spørsmål om tilgang på lågentropi.

Det meste av lågentropien/energien på jorda er overført frå kjerneprosessar i sola, via stråling (som er ”konsentrert lågentropi”), til jorda. Men jorda inneheld også opplagra lågentropi - olje, gass, kjernefysisk materiale. Desse lagerressursane er meir konsentrert og meir fordelaktige å bruke enn innstrålinga frå sola. Det har ført til at moderne sivilisasjon har kunna skape store forbruksverdiar med lite arbeidskraft (”energislavar”).

Problemet med denne ”lagra elden” er at 1) den tar slutt, og 2) bruk av lagerressursar fører med seg utslepp som skader dei andre elementa. Vi harogså eit problem 3) mens den solinnstrålte lågentropuien er relativt demokratisk fordelt på jordas befolkning, er eigendomsretten til lagerressursane ekstremt fordelt til nokre svært få aktørar.

Vi har tidlegare hatt to store artiklar om entropi, økonomi og politikk her i avisa - ein av nestoren Georgescu-Roegen og ein av underskrivne. Vi skal seinare repetere litt av dette stoffet, da det er svært sentralt i politisk og miljø-etisk samanheng.

Kapitalen siktar mot å monopolisere dei fire elementa

Dersom vi definerer ”eld” som energi, ser vi at dette elementet allereidei stor grad blir kontrollert av dei store kapitalkonsentrasjonane på jorda. Men dei andre tre elementa har i dei fleste såkalla ”opphavlege kulturar” blitt oppfatta som felleseige. Dette er sjølvsagt ikkje den USA-dominerte overnasjonale kapitalen tilfreds med. Deira fremste ønske er å tilrive seg eigendomsretten til alle dei fire elementa som den menneskelege ressurstilgangen kviler på.

Også ein del av jorda er kontrollert av storkapital; men framleis er det slik i mange land, blant anna Norge, at jorda blir eigd av dei som brukar ho. Dette er eit prinsipp som nå blir utfordra av den overnasjonale matvarekapitalen. Dei tar sikte på å legge under seg alle viktige jordressursar, spesielt i dei landa der det vil vere sikker nedbør - altså i rike, tempererte land som Norge og Frankrike. Derfor brukar dei ein kombinert økonomisk og mediebasert strategi som internasjonalt blir kalla ”Rural Exodus” - altså ”utdriving frå landsbygda”. Den går ut på 1) å utarme småbøndene i rike land og deira kooperative organisasjonar gjennom systematisk nedpressing av jordbruksprisane, og 2) ei systematisk nedvurdering av livet på landsbygda, spesielt overfor ungdom. Alle kjenner vel desse to punkta både frå norske aviser og TV-media?

Friheten er den einaste norske avisa som har hatt stoff om dette. Vi vil ta opp dette i ein spesiell artikkel seinare.

”Lufta er for alle”, syng ungane. Men heller ikkje lufta vil for framtida vere ein ressurs som alle kan disponere til sine personlege og økonomiske føremål. Som nemnt i eit anna avsnitt vil dei ulike nasjonane bli tildelt ”utsleppskvotar”, dvs. kor stort volum av lufthavet som landet kan forureine med CO2 og andre drivhusgassar. Føresetnaden er at fattige land skal kunna ”selje utsleppskvotar for å få pengar til utvikling”. Men vi veit så altfor vel at straks ein naturressurs blir omgjort til pengar, blir verdiane tatt hand om av ein elite som har mykje på førehand. Mykje tyder på at ei u-landsbefolkning som aksepterer sal av utsleppskvotar, vil oppleve at pengane hamnar på private konti i diverse skatteparadis, mens staten gjennom denne transaksjonen har bunde seg til at landet for tid og æve skal vere økonomisk og teknologisk underutvikla. Sterke kapitalkrefter ”eig” lufthavet over landet. Lufta er ikkje lenger for alle, den har fått børsverdi.

Vatnet har også lenge vore i privat eige i ein del land der ferskvatn er ein mangelvare. Råderett over ferskvasskjeldene har gitt politisk og økonomisk makt; den stammen som vakta over vasskjeldene, kunne styre eit større område. Somme stader vart makta over vatnet misbrukt til overgrep. I meir velordna samfunn vart ferskvatnet oppfatta som ein allmenning. Dermed vart retten til vatn knytta til det å vere medlem av samfunnet. Vassverk har derfor til nå vore i offentleg eige, akkurat som post, telegraf, jernbanar og vegar. Gjennom WTO blir det nå sett inn eit massivt press mot desse prinsippa - og vi anar sjølvsagt USA og deira overnasjonale kapital og fundamentalistiske marknadsideologar bakom.
For fattige menneske i tørkeramma regionar er ferskvatnet eit spørsmål om liv eller død. Og det er nær samanheng mellom tilgangen på ferskvatn og jord.

FNs Menneskerettskonvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK eller ESC) er komplett umuleg å gjennomføre i ei verd der statane har ansvaret for å oppfylle rettane, men private investorar har makt over dei ressursane ein skal bruke for å ta vare på det allmenne menneskeverdet.

Tilgangen til ressursane i verdshava og dei store innsjøane har også tradisjonelt vore oppfatta som ein allmenning, der rettane låg hos kystfolket og det nærmaste omlandet. Skulle kystfolket fråtakast allmenningsretten, måtte det skje med sjømilitær makt - altså stats-legalisert sjørøveri. Idag prøver storkapitalen andre metodar. Lesarane av Friheten kjenner godt desse metodane gjennom Svein Johansens artiklar: Først innfører ein kvotar for dei ulike fartøygruppene, med grunngjeving i vernet om bestandane. Deretter forsøker ein å innføre omsettbare kvotar - altså gjere allmenningsretten til ein handelsvare. Da veit vi kva som vil skje: Dei som har kapital, vil kjøpe opp kvotane; og dei bur ikkje i kystsamfunna. Endskapen vil bli ein ”Coastal Exodus”. Utviklinga er parallell i alle kyststatar med lokale fiskeressursar - Norge, Labrador, Island - Nigeria, Kerala og Indonesia. Vi kunne nemne mange fleire.

Matvarekapitalens livsfarlege manipulering med matprisane

La oss oppsummere det som truleg kjem til å skje i framtida, etter relativt pålitelege vitskaplege prognosar:
1. Temperaturauke og endringar i nedbørsmønsteret vil låse store delar av u-landsbefolkninga inne i område der det er umuleg å brødfø alle. Vi har sett førevarsel om dette i regionar som Sahel, Etiopia, Nord-Brasil, delar av Aust-Asia, og dagens aktuelle situasjon i det sørlege Afrika.

2. At det nettopp er i slike område befolkningsveksten er sterkast, vil aksellerere problema.

3. Også ein del høgt industrialiserte landbruksområde, som USA, Canada, Mexico og Australia opplever bakslag i produksjonen med det nye klimamønsteret. I år er det tørke i desse områda, og det risikerer dei å få i aukande grad framover. I året 2002 seier ekspertane at verda vil forbruke 83 mill tonn meir enn vi dyrkar. Dermed svinn kornreservane inn. Skjer det samme fire år på rad, er reservane nede i null. Sist verda fekk bakslag i kornproduksjonen var i 1996. Da gjekk kornprisane så kraftig opp at dei ei stund kunne gi grunnlag for norsk produksjon med god lønnsemd utan subsidiar.

4. Kina melder seg stadig på som stor-importør av kveite. Sjølbergingsproduksjonen med ris er i kraftig tilbakegang. Der som i Norge blir jordbruket ”ulønnsamt” i takt med den økonomiske veksten. Befolkninga vil, i Kina som i Norge, ønske seg ”fri import av billege matvarer”, i beste FRP- og Dagblad-stil. Det kan dei få ved å utarme kinesiske bønder, og la den overnasjonale matvarekapitalen allernådigst forsyne Kina med billeg mat frå land der prisnivået er lågare. At fattigfolk i desse landa ikkje har råd til å konkurrere i pris med kinesarane, og derfor blir utsett for hungersnaud, blir ikkje rapportert i dei korporative media, som er sterkt influert av matvarekapitalen.

NRK og Dagbladet i teneste hos matvaregigantane

La oss ta eit eksempel: I vinter - da det var haustetid sør for ekvator - var det allereie klart at avlingane i Malawi var så små at det ikkje var nok mat for befolkninga i landet. Likevel tvinga IMF Malawi til å selje korn for å betale gjeld til dei rike land. Dette veit NRKs Anders Magnus godt om, men han lar vere å snakke om det. I staden gjer han eit poeng av at dei kvite godseigarane blir fjerna i Zimbabwe. Men både han og dei andre korrespondentane i korporative media veit veldig godt at dei kvite farmarane i Zimbabwe dyrkar tobakk for sigarettindustrien, ikkje mat til befolkninga. Det viser at NRK er medspelarar for matvarekapitalen.

Dagbladet er som kjent ein del av matvarekonsernet Orklas eigendom. Derfor følgjer dei opp samme strategi som matvaregigantane brukar i ”Rural Exodus”: Pressar på for at folk skal forlange stadig lågare matvareprisar, og dermed slå ut norske sjøleigarbønder, slik at dei med tida vil mjukne og overdra den beste jorda til den overnasjonale matvarekapitalen. Når det etter eit par tiår viser seg at norsk jord igjen blir svært lønnsam under nye klimavilkår, skal det vere for seint. Da skal matvarekapitalen sitte med eigendomsretten.

Nå blir også u-landsmoralismen brukt kynisk for det samme føremålet. Søndag 18.08. meldte Dagbladets nettutgåve at ”Bondevik ofrer u-landenes interesser for å berge norsk jordbruk.”

Avisa brukte dette eksemplet: Norge burde kjøpe mat frå Sør-Afrika i staden for å subsidiere rådyre norske bønder!. Teppe! Som kjent er Sør-Afrika inne i ein periode da dei på ingen måte kan selje jordbruksvarer til Norge, for å seie det forsiktig. Dagblad-artikkelen kom derfor under kategorien journalistiske super-tabber, og vart droppa dagen etter.

Det er u-landseliten, ikkje befolkninga, som ønskar å selje maten til ein meir betalingsvillig marknad i rike land, i staden for til sin eigen sveltande befolkning. Argumentet om at vi bør legge ned norsk jordbruk for å kjøpe mat frå u-landa, er kynisk manipulasjon, spesielt om ein ser litt framover i tid.

Når neste avis kjem ut, har møtet begynt, og vi skal følgje det gjennom alternative media framover.

Artikkelen er henta frå avisa Friheten